Hopp til hovedinnhold
Always week 29 // 17-22 July 2023
Tickets Program
Tickets Program

Utvidet kollektivtilbud under Moldejazz

FRAM vil som tidlegare år ha eit utvida kollektivtilbod under Moldejazz. Det blir ekstraavgangar både på dag, kveld og natt.
For at publikum skal komme seg trygt til og frå festivalen i jazzveka, set FRAM opp ekstra avgangar på buss og ferje, både dag, kveld og natt. Billettprisen på nattbussen er same som på dagtid.

Slik blir det utvida tilbodet:

  • Nattavgangar for linjene 701 til Årølia, 701 til Djupdalen og 702 til Nordbyen heile veka.
  • Linjene 714 til Hjelset/Kleive, 420 til Sølsnes, 510 til Eide/Vevang, 531 til Jendem, Hollingsholm, Mordalsvågen og Malmeskiftet, og 532 til Elnesvågen og Bud/Farstad køyrer natt til fredag, laurdag og søndag.
  • Ekstra avgangar inn til Molde sentrum på kvelden.
  • For ferjene 1058 Solholmen-Mordalsvågen og 1059 Aukra-Hollingsholmen, vil det vere eit utvida tilbod med avgangar natt til laurdag og søndag i korrespondanse med busslinje 531.

I tillegg vil dei ordinære avgangane køyre under festivalen.

Endra køyremønster i sentrum

På grunn av konsertane i Alexandraparken og folk i vegen, køyrer ikkje bussane forbi Scandic Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord den veka. Bussane som kjem frå vest vil køyre Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover vil køyre Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.
Haldeplassane Storgata, Aleksandraparken, Fylkeshusa og Molde stadion vil vere stengde frå fredag 15. juli klokka 18.00 til søndag 24. juli klokka 18.00.
Alle avgangane frå sentrum vil begynne ved Molde trafikkterminal. Det er viktig at du møter opp i god tid før avgangen.

I FRAM-appen kan du kjøpe billetten før du går om bord i bussen. Eller du kan kjøpe billetten om bord av sjåføren.

Ha billetten klar i FRAM-appen, reisekortet eller bankkortet oppe når du går om bord.

Prisane for billett til nattbussane har blitt lågare sidan førre gong det var kollektivtilbod under festivalen, no kan du kjøpe billett til same prisen som det kostar for ein enkeltbillett på dagen.

Det er også mogleg å bruke periodebilletten du allereie har på nattbussen. Eller å kjøpe billett for ein periode på 24 timar eller 7 dagar.

Ruteinformasjon

For rutetidene og informasjon om kollektivtilbodet, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen, ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 eller besøk Molde trafikkterminal.

Her kan du finne ekstraavgangane under Moldejazz i pdf-format.

Use of cookies / Cookies policy

This site uses cookies to offer you a better browsing experience and improve your use of the website. We also measure and analyze usage patterns and engagement for a better understanding of how our services are used.

Acceptance applies to all pages with x in the address. Read more about the use of cookies in our privacy statement. privacy statement

Essential cookies

Essential cookies ensure basic functions such as page navigation and access to secure areas of the website. The website cannot function optimally without these essential cookies, and they are strictly necessary to provide an online service.

Enabling cookies helps you fill out forms effectively on our website. For example, cookies help prevent the same user from submitting the same form multiple times. The information is deleted from the browse after 90 days.

The cookies assess and help us understand how visitors interact with our website. The statistics and information gathered are anonymised.

We use marketing cookies to display content and ads that are relevant and engaging for our visitors.