Utvidet kollektivtilbud under Moldejazz
FRAM utvidar busstilbodet under Moldejazz og set opp ekstra avgangar i ferjesambandet 1059 Aukra–Hollingsholmen
I veke 29 vil det vere eit utvida busstilbod natt til fredag, laurdag og søndag med nattavgangar for desse linjene:
701 til Årølia
701 til Djupdalen
702 til Nordbyen
714 til Hjelset/Kleive
420 til Sølsnes
510 til Eide/Vevang
531 til Jendem, Hollingsholm og Malmeskiftet
532 til Elnesvågen og Bud/Farstad
Billettprisen på nattbussen vil vere den same som på dagtid.
Fleire kveldsavgangar
Det vil også vil vere ekstra bussavgangar inn til Molde sentrum på kveldstid.
Oppdatert informasjon om rutetidene finn du i reiseplanleggaren her på frammr.no eller i FRAM-appen. Dette gjeld for både buss og ferje.
Dei ordinære avgangane køyrer elles som normalt under festivalen.
Ferjetilbodet
FRAM utvidar også ferjetilbodet på 1059 Aukra–Hollingsholmen laurdag og søndag under festivalen:
Laurdag 22. juli:
Ekstra avgang frå Aukra klokka 01.45 og frå Hollingsholmen klokka 02.00.
Søndag 23. juli:
Ekstra avgangar
Frå Aukra til Hollingsholmen |
| Frå Hollingsholmen til Aukra |
01.45 |
| 02.00 |
02.45 |
| 03.00 |
Dei ekstra avgangane i ferjesambandet vil korrespondere med busslinje 531.
Ikkje i år
I år blir det dessverre ikkje eit utvida tilbod på sambandet 1058 Solholmen–Mordalsvågen. Årsaka til dette er at det var svært få som reiste med dei ekstra avgangane som blei satt opp i fjor. I tillegg har Fjord1 i år utfordringar med å skaffe mannskap til eit utvida tilbod på grunn av ferieavvikling.
Endra køyremønster i sentrum
I jazzveka køyrer ikkje bussane forbi Scandic Alexandra Molde eller Thon Hotel Moldefjord, på grunn av konsertane i Alexandraparken og folk i vegbanen.
Bussane som kjem frå vest vil køyre Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover vil køyre Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.
Haldeplassane Storgata, Alexandraparken, Fylkeshusa og Molde stadion vil vere stengde frå fredag 14. juli klokka 18.00 til søndag 23. juli klokka 18.00.
Alle avgangane frå sentrum vil begynne ved Molde trafikkterminal. Det er viktig at du møter opp i god tid før avgangen.
Bruk FRAM-appen eller kjøp billett om bord
Du kan kjøpe billetten i FRAM-appen før du går om bord i bussen, eller du kan kjøpe billetten om bord av sjåføren.
Vi ber om at du har billetten i FRAM-appen, reisekortet eller bankkortet framme når du går om bord.
Det er også mogleg å bruke periodebilletten du allereie har på nattbussen. Eller å kjøpe billett for ein periode på 24 timar eller 7 dagar.
Ruteinformasjon
I tillegg til å finne rutetidene og informasjon om kollektivtilbodet i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen (last ned i App Store | Last ned i Google Play), kan du også kontakte FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 eller besøke Molde trafikkterminal.